Bilær lagær lyd! Vrom vrom vrom!

Sjølv om raptekstar må skrivast, er ikkje rap ei skriftleg uttrykksform. Rap er lyd, det er lyden av rapparen sitt språk, og rapparar kjem frå forskjellige plassar. Rap er per definisjon dialekt. Ingen rappar på eit skriftspråk. Karpe Diem rappar på oslodialekt, Lars Vaular på bergendialekt.

I rock, pop og visesong er det annleis; i desse sjangrane vert det sunge både på dialekt og nynorsk og bokmål. DumDum Boys er frå Trondheim, og dei skriv og syng tekstane sine på bokmål, mens det er heilt utenkeleg at ein trøndersk rappar skulle ha rappa på bokmål – det ville verke svært unaturleg. Av fleire grunnar: Rap er ei form for tekst der framføringa ligg nær snakking, så det er ein god idé å bruke talespråk, og ikkje skriftspråk, om det skal høyrest naturleg og ekte ut. Ein raptekst handlar nesten alltid om rapparen sjølv, og er såleis uløyseleg bunden til rapparens identitet, liv og heimplass. På denne måten er rap kanskje den aller mest personlege av alle musikklyriske sjangrar. Av same grunn er coverlåtar svært sjeldne i hip-hopsamanheng.

Det er ikkje tull at me er eksepsjonelt tolerante når det gjeld dialekter i Noreg. Det er sjølvsagt ofte ein fordel å snakke slik som ein gjer i hovudstaden, men me har det likevel svært fritt og godt samanlikna med folk i stort sett alle andre land. Godlyndt tøys og parodiering av dialekter er både akseptert, vanleg og heilt på sin plass. Latterleggjering og diskriminering, derimot, vert slått hardt ned på.

Men det finst eit unntak: Østfolddialekta er framleis fritt vilt, og det er ikkje berre i kommentarfelta og på pauseromma. Fleire mektige folk i norsk kultur- og åndsliv synest tydelegvis det er greitt å ytre offtentleg at østfolddialekta er stygg og ubrukeleg, og Språkrådet bad NRK seinast i fjor om å skjerpe seg.

Det er klart det er vanskeleg å bruke østfolddialekt i ein minnetale – viss ein aldri har høyrt østfolddialekt i ein minnetale før. Språk er, som så mykje anna, ei vanesak. Og dei aller beste tinga her i livet, er ofte noko ein må lære seg å like; sigarar, vin, mygla ost, og rap på norsk.

Eg påstår altså at dialektrap er eit meiningslaust ord, for alle som rappar på norsk, rappar på dialekt.

Men det finst eit unntak: Pen Jakke var ei av dei fyrste norskspråklege rapgruppene som gav ut plate og hadde suksess, og dei rappa ikkje på si lokale dialekt, men på eit slags bokmål (i følgje dei sjølve). Pen Jakke kom frå – ja, nettopp – Fredrikstad. Gruppa bestod av DJ Sjel-Jonas og rapparane Skranglebein, Ubåt og Fundamental Lyd. Det var tabu å «prekæ» den gongen, har Fundamental Lyd fortalt meg ein gong. Dessutan hadde verken han eller Skranglebein foreldre frå Østfold, og snakka ikkje dialekta heime.

Etter eit par EP-ar, albumet «Østen» (2000), mykje merksemd og turnering, vart gruppa oppløyst i 2001. Fundamental Lyd slutta som musikar, i dag er han mellom anna musikkmeldar i Dagbladet, og heiter Mathias Rødahl. Skranglebein slutta aldri med musikk, han er framleis aktiv, især som fristilrappar, og han studerer for tida vokal tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss. Ubåt gav ut EP-en «Landlov» i 2002, men så vart det relativt stille frå den kanten.

Den 1. januar 2013 kom, plutseleg og uventa, Ubåts fyrste soloplate. «Ghetto media» er eit kaotisk, fragmentarisk og funky verk – som ein norsk albumversjon av Beastie Boys’ «B-Boy Bouillabaisse» (ein 12 minutt lang kollasj av ni låtar/idear som ligg som siste spor på «Paul’s Boutique» frå 1989). Det mest overraskande med «Ghetto media» var at Ubåt hadde begynt å bevege seg vekk frå bokmålet, og store delar av plata er framført på meir eller mindre brei østfolddialekt. Ein hyppig gjest på plata, er Pablo Pækkis, som konsekvent rappar på brei mossedialekt. Då er det ekstra fint at dette òg tilfeldigvis er eit av dei aller beste norske hip-hopalbuma dei siste fem åra. (Sjå forresten dei to svært tøffe videoane frå plata: «Ting tar tid» og «Dope».)

Vekas vers er frå «Ghetto media», og er eit godt døme på fordelane ved å spele på lydane i si eiga dialekt: «Vi rullær» er på alle måtar det breiaste sporet på plata. Låten har ein fin og seig dancehall-rytme, eit glimrande gjestevers av Ubåts gamle bandkompis, Skranglebein, og teksten handlar om å køyre og mekke bil.

Her passar stil og innhald, eller lydar og assosiasjonar, som hand i hanske. I låtens fyrste vers går Skranglebein inn i sitt alter ego Jånny Månny, og han vil heller mekke og drikke enn vere i lag med «kjærringa». Ubåt omtalar seg sjølv både som harry og rånete i sitt vers, og det på grensa til karikert breie språket viser oss østfolddialekta som mange meiner ho er: ukultivert, upolert og skitten – akkurat som mekking av motor og burning av dekk.

Refrengets mantra er enkelt og greitt «vi rullær». Men her er det ikkje berre dialekta som er brei, sjølve æ-lyden har også ein konkret brei kvalitet. Ikkje berre fordi munnen vert brei når ein seier æ, men fordi denne lyden tar større plass og krev meir merksemd enn den tynnare e-lyden. Æ-lyden liknar òg meir på lyden av ein blodtrimma bil enn e-lyden. Dessutan kan det breie i lyden lett assosierast med breie dekk og felgar. Ubåt seier det også slik i verset sitt: «Vi har bredære felgær enn dialekta».

Samanhengen mellom bilar, ord og lydar vert òg gjort til eit tema i det eine refrenget, når Ubåt roper: «Bilær lagær lyd! Vrom vrom vrom! Bilær lagær lyd! Vrom vrom vrom!» Det er så sant som det er sagt.

Måten ordlydane leikar med, og forsterkar, temaet i denne teksten fungerer altså både gjennom dei assosiasjonane mange får når ein høyrer østfolddialekta, men også gjennom reine lydassosiasjonar, lausrive frå dialekta sin (manglande) status.

På oslodialekt ville ikkje mantraet om å rulle fungere like godt (sjølv om me ser bort frå assosiasjonane til å «rulle med russen»). Altså: Vi ruller. Litt for pent og pinglete til låtens tema og stemning? Sjølvsagt ville det vere mogleg å skrive denne låten på oslodialekt, men då ville ein kanskje velje eit anna ord, og det igjen ville endre teksten. I så fall forsvinn nemleg moglegheita for å leike vidare med ordet, som Ubåt gjer i refrenget: «Så rull ut gliset, rull ned ruta, rull opp (ah!)» (Kva som vert rulla opp, er sensurert.)

Det er ikkje berre i Noreg at me har rap på forskjellige dialekter. Overalt i verda rappar folk som dei snakkar. Lyttarane liker ofte éi dialekt betre enn ei anna, og kan reagere sterkt når det dukkar opp rap på ei dialekt dei ikkje har høyrt før. Også i hip-hoppens heimland. Sydstatspionerane i Geto Boys vart latterleggjort då dei kom på scena på slutten av åttitalet (og for alvor fekk merksemd med tredjealbumet, med den passande tittelen «We can’t be stopped», i 1991). Deira «southern accent» vart oppfatta som bondsk og dum, og ubrukeleg til rapmusikk. I dag har som kjent sydstatane dominert den amerikanske rapscena i over ti år.

Me er heldige som har så mange dialekter i Noreg, og derfor så mange forskjellige instrument i norsk rap. Og det er ikkje berre av estetiske grunnar eg set pris på denne mangfaldige floraen. I rap bygger me meining ved hjelp av ord som rimar, men to ord som rimar på éi dialekt, rimar ikkje nødvendigvis på ei anna. Til fleire moglegheiter for rim me har, til meir kan me bygge.

Takk til Ubåt, Skranglebein og Pablo Pækkis for å gi oss meir materiale.

Sunday, October 2nd, 2016 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
November 2024
M T W T F S S
« Oct    
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930  

Recent Comments